Banner Banner Banner Banner

Kalender

  September 2019
Ma Ti On To Fr
      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30      

Siste publiserte artikler

Sauekontrollkurs - NyGiv takkar lokallaga for utruleg bra innsats!

05.02.2015 | Skrevet av Svanhild Aksnes

NyGiv har i samarbeid med lokallaga i Hordaland arrangert kurs i sauekontrollen heile 10 ulike stader i vinter. Takket vere lokallaga sin innsats har vi fått gjennomført ein svært god møterunde. Her finn du litt informasjon frå kursa.

I desember og januar denne vinteren har NyGiv arrangert sauekontrollkurs i Hordaland for heile 274 deltakarar. Det har blitt arrangert kurs i Odda, Etne, Kvinnherad, Stord, Stend, Lindås, Eikelandsosen, Kvam, Granvin og Voss. Alle desse stadene er det lokallaga som har tilrettelagt med å skaffe flotte møtelokaler og god servering. Dette unike samarbeidet mellom prosjektet og lokallaga er avgjerande for at vi klarer å arrangere slike store møteserier. NyGiv vil difor rette ein stor takk til lokallaga for at dei bidreg i arbeidet med å skape lokal aktivitet på denne måten. Grethe Ringdal frå Animalia har stilt opp som føredragshaldar på alle kursa. Frå slakteria har fagrådgjevarane Karluf Håkull og Hilde Håland vore med og gjort ein kjempejobb under gjennomføring av alle kursa.

Etter sauekontrollkursa har arbeidsgruppa i NyGiv gjennomført ei evaluering saman med Grethe Ringdal. Hovudmomenta frå denne evalueringa finn du her:

  • Marknadsføring og påmelding: Vi marknadsføry kursa i god tid og sendt ut påminningar. Dette har resultert i god påmelding og tilfredsstillande tal kursdeltakarar alle kursplassane. Påmeldingsløysinga har og fungert godt.
  • Lokaler og mat: Lokallaga har gjort ein flott jobb med å finne gode møtelokaler, noko som arbeidsgruppa set stor pris på. Det er mykje lettare for lokale personar å finne eigna kurslokaler enn for ein som sit langt unna. Vi vonar at det gode samarbeidet med lokallaga vil fortsetje. Grethe Ringdal frå Animalia meiner at Hordaland Sau og Geit har mykje å lære bort til andre fylker om dette unike samarbeidet mellom prosjekt, fylkeslag og lokallag.
  • Gjennomføring av kurs: Det er kjekt å reise rundt å halde kurs når alt er tilrettelag på førehand, seier Animalia. Vi og har fått tilbakemelding frå ein del lokallag om at dei er godt nøgde med kursa og at dei er positiv til den nye sauekontrollen. Grethe er heilt suveren, både fagleg og pedagogisk, fortel ein kursobservatør! NyGiv meiner og at det har vore positivt med same kurshaldar på alle kursa, dette fører til lik behandling og like gode kurs i heile fylket.
  • Effekt: Animalia set pris på å reise rundt og halde slike kurs då det gjev nyttig dialog om sauekontrollen. Kontakt med brukarar gjer det lettare for Animalia å vidareutvikle dette til eit enno betre verktøy. Kursa har og ført til fleire medlemar i sauekontrollen i Hordaland og positiv merksemd om dette styringsverktøyet.

Nyttig informasjon:
Her finn du ein presentasjon om sauekontrollen
Her finn du eit enkelt hefte med tips og oppskrifter for sauekontrollen
Her finn endå fleire tips og oppskrifter for sauekontrollen :o)
Her finn du nettsiden til sauekontrollen


Bilete frå sauekontrollkurset på Løo i Granvin

Sauekontroll - innmelding?
I løpet av prosjektperioden til NyGiv har vi kampanje på innmelding i sauekontrollen. Ved innmelding i løpet av prosjektperioden vil du få dei tre første medlemsåra gratis. Kontakt din rådgjevar på slakteriet for innmelding.
Karluf Håkull i Nortura har telefonnummer 971 65 537
Hilde Håland i Fatland har telefonnummer 982 42 214

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com