Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Oktober 2019
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   
       

Siste publiserte artikler

Referat styremøte 3. august 2017

Hordaland Sau og Geit                             

 

 

 

 

Styret i Hordaland Sau og Geit                                  

 

Referat styremøte torsdag 3. august 2017.

Stad: "Eldhus" Nortura Evanger.

 

Desse møtte: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Oddmund Hildal, Arnt Bakke, Tor Arne Sandvik.. Ola Steinsland hadde meldt forfall.

Ole Johan Eidsnes, Beiteutvalet, Tore Atle Sørheim, Avlsutvalet og Ivar Haug, Gjetarhundnemnda hadde meldt forfall

 

Sakliste:

 

Sak 44/17       Godkjenning av innkalling.

                        Vedtak: Godkjent,

Sak 45/17       Godkjenning av referat frå styremøtet 01.06.17.

                        Vedlegg. Referat frå styremøtet 01.06.17.

                        Vedtak: Godkjent med retting av dato styremøte til 1. juni 2017.

 

Sak 46/17       Høyring av endringar i Rovviltforskriftene-                

                        skadefellingsbestemmelsen     for kongeørn og kongeørnprosjekter

                           (saka er tildlegare sendt ut til styret,  lokallag og   beiteutval)

                        Vedtak: Viktig sak der HSG vil komma med uttale. Uttalesen  

                         skal leggast inn i fellesdokument. Det viser seg og vara vanskeleg og             

                         "logge" seg inn og få lagt inn uttalesen.

                         Reidar tar dette opp med NSG og eventuelt eit møte pr. tlf. om  

                         nødvendig.

 

Sak 47/17     Geitedagane på Voss 2017 – Kven møter evt. der?

                      Vedtak: NSG har overtatt styringa og HSG er satt på sidelinja.

                       Program og påmelding ligger på heimesida til NSG. HSG har ikkje  

                       fått spørsmål frå NSG om deltaging. Om det skulle komma, møter

                       Tor Arne Sandvik.   

 

Sak 48/17   Oppsummering av grillaksjonen 2017

                     Vedtak: I Hordaland var det grilling ved 9 butikkar.

                    Litt kort frist frå bestilling til grilldag og litt spørsmål etter kor er

                    varene og utstyren som skal brukast.   Totalt sett… godt tiltak, mange        

                    inntresserte kundar og ikkje minst godt humør og flinke medlemmer i                         

                    HSG som gjennomførte aksjonen.  

                    Mange tok bilder som er publisert i diverse media.

 

Sak 49/17   Heimesida til HSG – Karluf og Oddmund

                    Vedtak: Oddmund og Karluf var på kurs hos NSG for opplæring og            

                    gjennomføring av for ha ei oppdatert heimeside til kvar tid.

                    Oddmund er klar for og ha ansvaret.

 

Sak 50/17  Aktivitetsplan for 2017

                   Vedtak:  Det er komme spørsmål til HSG om HSG kan planlegga og

                   gjennomføra grillkurs. Dette vil HSG få til og leige inn proffe

                   personar til og halde kurs og ha ei deltakaravgift. Kurs/kursa blir

                   planlagde til mai 2018. 

 

Sak 51/17  Jordbruksoppgjeret

                  Vedtak: Totalt går det nye jordbruksoppgjeret i pluss men for dei lettare    

                  rasane blir det eit minus oppgjer om ein ikkje oppnår slakteklasse O+ eller

                  betre. Sjå tabell.

 

Sak 52/17   Rovdyrsituasjonen i Hordaland

                     Vedtak: Reidar orienterte om rovdyrsituasjonen i Hordaland. Jerven er

                     sett vest for Hårteigen på Hardangervidda.  Ber nå alle som er på tilsyn

                     om og følgja godt med i forhold til døde dyr, merka, sikra bevis og ta

                     bilde.

 

 

Sak  53/17   Leiarmøte 2017

                     Vedtak: Leiarmøte for HSG blir i 2017 lagt til Comfort Hotel Bergen

                     Airport 27. – 28. oktober. Kjetil og Karluf har ansvar med påmelding.

                    Programmet skal ha fokus på sal av lam/sau i sluttmarknaden ved

                    Slakteria.

                    Styreleiar i NSG, Kjell Erik Berntsen blir og med.

                      I tillegg til saker med nemnder og lokallaga.

 

Sak 54/17  Julebord/fagtur 2017.

                    Vedtak: Det er henta inn tilbod frå diverse hotell og HSG vil leggja turen til   

                    Geilo.

                    Kjetil og Karluf avtaler med hotell og lagar program. Legger det ut på heimesida. 

 

Sak 55/17  Fagsamling vinteren 2018:

                    Vedtak: Det blir planlagt seminar om utmarksbeite i lag med Fylkesmannen i

                    Hordaland. Reidar har samarbeid med FM for program. Blir lagt ut på heimesida

                    Når program er klar.

                    HSH har og planar om og få til kurs i 2018 for nye bønder.

 

Sak 56/17 Rovviltkontakt (nemnd) i Hordaland.

                   Vedtak: Saka blir utsett til neste styremøte

 

Sak 57/17  Ymse

                   Reidar og Kjetil reiser på leiarmøte HSG. To fylkeslag er tatt ut til og fortelja

                  "Slik gjer me det" på rep møte. Hordaland og Opland er trekt ut i år.

 

 

Karluf

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com