Referat styremøt 13. desmeber 2017
Hordaland Sau og Geit
Referat styremøte onsdag 13. desember.
Stad: Thon hotell Sandven Norheimsund.
Desse møtte frå styret: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Arnt Bakke, Oddmund Hildal og Tor Arne Sandvik. Ola Steinsland hadde meldt forfall.
Tore Atle Sørheim, Avlsutvalet og Ivar Haug, Gjetarhundutvalet. Ole Johan Eidsnes, Beiteutvalet hadde meldt forfall.
Sak 69/17 Godkjenning av innkalling.
Vedtak:
Godkjent
Sak 70/17 Godkjenning av referat frå styremøtet 27.10.17.
Vedlegg. Referat frå styremøtet 27.10.17.
Vedtak:
Godkjent
Sak 71/17 Oppsummering etter leiarmøte HSG
Vedtak:
Gjennomgang av Leiarmøte der ein konkluderte med ei god
samling med fokus på to viktige tema som opptar mange sauebønder i
Hordaland. Marknadssituasjonen for sau/lam der Nortura og Fatland
deltok.
Oppsummering etter kåringa 2017 der det har vert "litt" uro ettersom
fleire lam til kåring i 2017 er blitt vraka på grunn av ulla. Thor
Blichfeldt var med og gjekk gjennom kåringa 2017 og samanlikna talla i
Hordaland med resten av landet. Viser seg at avvik mellom Hordaland og
resten av landet er liten.
HSG valte og legga leiarmøte til Comfort Hotel Bergen Airport. Dette
Hotellet var ikkje spesielt eigna for HSG sitt møte men liten
konferansesal Heller ikkje ok innan for maten. Nytt og fint hotell men
ikkje for HSG…
Sak 72/17 Julebord 2017
Vedtak:
56 personar er påmeldt. Dei fleste reiser med tog tur/retur. Er
bestilt buss til utflukt lørdag med besøk på Hol Ysteri og til Jon
Lilleslett. Julebord lørdag kveld.
Sak 73/17 Årsmøte 2018
Vedtak:
Det er henta inn tilbod frå fleire hotell. Styret legger Årsmøte 2018 til
Stord Hotell.
HSG er 70 år og dette skal markerast med blant anna og invitera
tidlegare leiarar til årsmøtefesten.
Årsmøte tek til laurdag 24. februar kl. 10.00 og blir avslutta same dag
Med festmiddag og heimreise etter frokost søndag.
Kjetil tar kontakt med Snialvur Joanesarson og spør om han vil laga ei oppsummering om HSG gjennom 70 år.
· Skaffe festleiar
· Skaffe festtalar
· Tore Atle sjekkar med lokal underhaldning
· Levende musikk
· Open fest for alle medlemmer (påmelding)
Sak 74/17 Årsmelding for 2017
Vedtak:
Gjennomgang og fordeling av arbeid med årsmeldinga 2017.
Sender spørsmål til Bekkevolds Lyskopi ANS om dei kan trykka Årsmeldinga.
· Arnt Bakke tar jobben med å skaffe annonser (pris kr. 1000.- heil side og kr. 500.- for halv side.
· Oddmund og Karluf skal setja saman innhald og vidaresenda til trykkeriet.
· Reidar skaffar info frå FM til Årsmeldinga
· Tore Atle lagar info frå Avlsutvalet
· Tor Are lagar info frå geiteholdet og Geitedagane 2017
· Ivar Haug lagar info frå Gjetarhundlaget
· Oddmund tar kontakt med Indre Hardanger Sau og Geit om og ha lokallaget sin årsmelding i årsmeldinga til HSG
· Alle fristar er sett til 10. januar 2018.
Sak 75/17 NM i bruk av gjetarhund 2018 i Hordaland? Søknad er sendt.
Vedtak:
Hordaland Gjetarhundlag har send søknad til NSG om og arrangera NM i Gjetarhund 2018. HSG stiller seg bak søknaden. Prøver og få NM til etter at kåringane i Hordaland er ferdig. Det er heller ikkje ennå bestemt kor i Hordaland det blir men Rosendal er i diskusjonen. Gjetarhundlaget sender søknad til HSG om pengestøtte til NM.
Sak 76/17 Vedtak:
Fagsamling beitebruk i Hordaland 26. – 27. januar 2018
Fagsamling om beitebruk i Hordaland skal arrangerast 26. – 27. januar
på Scandic Flesland Airport. Samarbeid mellom FM og HSG. Sjå program og påmelding: http://www.nsg.no/kalender/arets-fagsamling-om-sau-i-utmark-article12763-1015.html
HSG ber slakteria send sms for påmelding.
Sak 77/17 Innspel til jordbruksforhandlingane 2018
Vedtak:
Diskusjon om områder der sauen må styrkast i Jordbruksforhandlingane 2018:
· Bevara helst auka tilskot til småfe på utmarksbeite
· Auka tilskot til grøfting
· Differensiering på slaktetilskot lam, med ny gruppe. Alle lam i klasse O får tilskot på kr. 250.- og uendra slaktetilskot på O+ og betre.
Grunnen til at HSG vil innføra ny gruppe i klasse O er at det er mange lam som kommer frå smårasar som utnyttar dei marginale beiteforholda i Hordaland. Difor er dette viktig.
Sak 78/17 Aktivitetsplan for 2017
Vedtak:
Styret gjekk gjennom aktivitetsplanen for 2017. Det er 2 saker som må følgjast opp:
· Tilskot til netto medlemsauke i lokallaga
· Kjetil ber om møte med Apoteka og får ny avtale til 1. mars 2018.
Sak 79/17 Budsjett 2018
Vedtak:
Blir utsett til neste styremøte.
Sak 80/17 Budsjett Gjetarhund 2018
Vedtak:
Blir utsett til neste styremøte.
Sak 81/17 Budsjett Avlsutvalet 2018
Vedtak:
Blir utsett til neste styremøte.
Sak 82/17 Ymse
· Innkjøp av gåveartiklar
· Neste styremøte 10. Januar 2018
Sek
KH