Av Øystein Moi, 12.04.2016, Agder Bondelag.

Vindstille. Ikkje ei sky på himmelkvelven. Varmt i solveggen, pylser på grillen - og kaffe på kjelen. Leikande born på grasvollen, lemming i fjoset og daggamle kjuklingar i handa. Me talar om vårens vakraste eventyr i Lillesand.

Marit Gunn Tveit er lokallagsleiar i Lillesand Bondelag, og medlem av fylkesstyret i Aust-Agder Bondelag. Saman med kjærasten Kåre driv ho det ein må kalle eit mønsterbruk i grenseområda mellom Kristiansand og Lillesand - på grensa mellom Aust Agder og Vest Agder.
Velstelt både ute og inne. Velpleide naturlandskap, flotte driftsbygninger og trivsel for både folk og dyr.

Tysdag 12. mars inviterte Marit Gunn alle elevane på 5. klassetrinn i Lillesand til ein spanande landbruksdag heime på garden.
133 elevar, i tillegg eit knippe med handplukka og stuttreiste pedagogar, skapte liv og røre inne på gardstunet. Det var kø framføre grillen, det var kø i saufjoset - og det var jamvel kø på den gamle og velbrukte utedassen i uthuset.
Det var lagt opp til ei lærerik  kunnskapsløype med ulike postar rundt på garden.
Vitjing i sauefjoset, utstilling av landbruksmaskinar, jakt og viltforvaltning, tømmerhogst, skogplanting og klima og energi var viktige emne som vart grundig omtala av sakkundige medhjelparar.
Ei kraftig matøkt var i sin heilskap sponsa av den lokale slaktaren Jens Eide - og av den landsdekkjande samyrkjeverksemda Tine.
Ein strålande dag for både ungar - og vaksne.

Les hele Moi`s artikkel og se mange bilder på Agderkontoret.no

Bildene under er tatt av Lene Olsen, Høvåg