NyGiv inviterer til fagkveld om produksjon på utegangarsau
Kan du produsere meir kjøt frå din buskap av utegangarsau? 2. og 3. september vert det fagkveldar med fagleg påfyll om produksjon på utegangarsau.
Programmet for kvelden inneheld;
- føredrag frå slakteri
- føredrag frå Fylkesmannens landbruksavdeling
- føredrag om mineraler ved veterinær
- føredrag frå lokal bonde med utegangarsau (vi ser og på buskapen hans)
- i tillegg får du enkel grillmat
Det vert fagkveld to ulike stader:
Tysdag 2. september på Natås Grendahus på Hundvin i Lindås, kl 19.00. Last ned invitasjonen her!
Onsdag 3. september på Brannstasjonen på Moster på Bømlo, kl 18.00. Last ned invitasjonen her!