Presisering: Følgjande tekst er siste utgåve av "Lammeringleiarnytt" (nr. 13 2014) som vert sendt ut til leiarane i alle lammeringane. All tekst og statistikk er produsert av Nortura.

Nortura slakta vel 7 500 lam i siste veka i november, veke 48. Dette er faktisk over 1000 fleire lam enn i veke 48 i 2013. Snittvekta denne veka var 17,3 kg og snitt klasse 7,7 R/R-. 60% av lamma heldt Stjerne-kvalitet. Ikkje verst når det er snakk om siste veka i november! Vest-Agder og Buskerud held god kvalitet også nå på tampen, heile 73% av lamma held Stjernekvalitet i desse fylka i veke 48, klart best i landet.

Dei fleste småfeanlegga avsluttar slakting av sau og lam i neste veke. Denne veka (veke 49) er difor årets nest siste slakteveke. Vi ser ut til å slakte vel 4000 lam i denne veka, ca 1000 færre lam enn i same veke i fjor. I neste veke er det innmeldt snaut 8000 lam. Da tek vi igjen det vi slakta mindre i veke 49, så dette ser lovande ut! Alle lamma som blir slakta går rett ut i marknaden. 

Grunntilskot på vêr.

Vi fekk spørsmål frå ein lammeringleiar om når grunntilskotet på vêr går opp. Det er kanskje fleire også interesserte i. Grunntilskotet på vêr går opp til kr 5 på måndag 23. februar og dette grunntilskotet står fram til måndag 26.10.

Seminar "Stordrift med sau"

Onsdag 11.mars 2015 inviterer Team småfe i Nortura, Helsetjenesten for sau i Animalia og Norsk Sau og Geit til seminar. Nedst i denne eposten finn du lenke til program og påmelding. Temaet for seminaret er "Stordrift med sau". Vi har utfordra både eigne fagfolk og medlemmer i Nortura med stordriftserfaring til å innleie på  ulike tema, som er spesielt utfordrande når ein satsar stort med sau.  Vi håpar sjølvsagt å sjå mange Lammeringleiarar på Clarion Hotel & Congress Oslo Airport, denne dagen og tips gjerne aktuelle medlemmer i lammeringen din! Invitasjonen ligg også på Medlemsportalen.