Da er  tida inne for å sende ut årets siste LammringLeiarNytt. I vekene 49 og 50: (5.-18. desember), slakta Nortura 6600 lam med medel slaktevekt på 16,8 kg, medel feittgruppe 2 (5,8) og medel klasse R/R- (7,55). Berre 3,8% av lamma var i P-klassene og O- sjølv om medelvekta var såpass lag. I tilsvarande veker i 2015 slakta vi nærare 10 000 lam. Dette tyder nok på at det blir noko større lammeslakting etter nyttår på grunn av endring i lammeslakt-tilskotet. Basert på attendemeldingar frå dykk, er det lagt salsplanar for å få mest mogleg av desse lamma ferske  ut i marknaden. 

Fasiten på årets sesong vart ein auke på nesten 24 000 lam, men vektnedgangen på 0,7 kg er faktisk såpass stor at vi har slakta færre kg lam i årets sesong enn i tilsvarande veker i fjor. Vi har hatt tilførselsauke i alle fylke utanom Nordland og Troms.

I det heile er vi veldig godt fornøgd med tilførslane i årets sesong, både når det gjeld tidspunkt når lamma kom til slakting og kvaliteten som er levert. Dette viser nok ein gong at Nortura-sauebonden reagerer på marknadssignal. 

Vi gratulerer Troms som sesongens Stjernelam-fylke med 83,9% Stjernelam. Rett bak fylgjer Vest-Agder, Buskerud og Sogn og Fjordane. Heile 8 fylke hadde meir enn 80% Stjernelam i sesongen 2016.

Oversikt veke 28-50 samanlikna med veke 28-51 i 2015

 

Resultat i lammeringane

Korleis har det gått i lammeringane i årets sesong? Ein stadig større andel av tilførslane kjem frå ein lammering. Det er bra! Jo fleire som er med, jo større nytte har vi av lammeringane. Det er nå 572 lammeringar i sving i Nortura. Det betyr at 19 ringar er organisert denne sesongen også. Nesten 77% av tilførslane av småfe til Nortura kom frå ein lammering i 2016. Av tabellen nedanfor ser de at lammeringmedlemmene tok ut ein pris som er kr 150 kr høgare per lam enn dei som ikkje er med i ring, fyrst og fremst pga tyngre lam med betre kvalitet og høgare puljetillegg. Lammeringstillegget betyr jo også litt. Lammeringane er med andre ord eit lønsamt samarbeid både for sauebonden og Nortura. Det bør difor vera eit mål å kome opp mot 80% i lammering i 2017! Dersom de har aktuelle kandidatar i nærområdet dykkar, så vis dei dette resultatet:

Resultat innanfor og utanfor Lammering i 2016

 

Korleis har salet gått i 2016? 

Vi har ikkje med salgstall for riktig heile julesesongen enda. Vi håpar difor på enda betre sal før vi går inn i eit nytt år. 

Dersom vi summerer både fersk- og frossen-salet til forbrukar og storkjøkkenmarknaden, har Nortura ein salsauke på 3% eller 130 tonn i 2016. Ferskvare-salet har auka med heile 8,3 %. Det er ein god indikator på at vi lykkast godt med sal i sesongen, til tross for det er langt mindre av dei store "sjokktilboda" på fårikål-kjøtt. Ein viktig årsak til auken i ferskvare-salet er at sauebonden, med lammeringleiarane i spissen, responderte godt på ynskjet om tidlegare lam. Vi fekk difor 37 600 fleire lam i september, noko som gjorde at alle kundar fekk det dei ville ha gjennom heile lammesesongen. Årets sesong viser også at det er mogleg å selje fårikålkjøtt og anna snadder av lam sjølv om det var sommartemperaturar ute. Ynsket for 2017 er difor ein repetisjon på tilførselsmønsteret vi hadde i årets sesong. 

 

Salsplanar framover

Men godt er ikkje godt nok, spesielt når industrisalet (sal til andre foredlingsbedrifter enn Nortura) har gått ned med 15% eller godt over 1000 tonn. Figuren under viser at vi har bygd betydelige reguleringslager denne sesongen også.  Dette er ein situasjon som ikkje kan fortsetje.

Lagerbeholdning pr. veke - sau/lam

Den 30. november var difor alle kjedesjefane i Nortura,  PROFF (storkjøkken) og Kjøttcompagniet samla for å presentere planane sine for å auke salet av sau og lam. Jobben til Nortura er nå å skape ein større marknad for sau- og lammekjøtt.  Det er mange planar og forhandlingar på gang. Dette er tiltak som har som mål å utnytte sesongane (påske, grill, haust og jule-sesongen) enda betre. Ein ynskjer å forlenge sesongane og gjera dei enda meir spanande  med nye og fleire produkt. Vi jobbar også med å gjera salt lammekjøtt meir tilgjengeleg, spesielt langs kysten, der dette står stekt frå før, men dette er ein matrett som også fleire bør få sjansen  til å oppdage..  Samstundes må sau/lam også bli kvardagsmat. Det blir det også jobba med. Dette er planar som må setjast ut i praksis. Difor skal visekonsernsjef/ konserndirektør for Nortura Råvare og medlem Hans Thorn Wittussen, konserndirektør for Nortura Produksjon Lisbeth Svendsen og konserndirektør for Nortura salg Robert Bekkhus, fylgje dette tett opp. Målet er tre ekstra lammemåltid pr nordmann. Greier vi det, er lagra borte! 

Vi har difor god tru på at det vil merkast godt i butikkdiskane etter nyttår at Nortura har auka salstrykket betydeleg for sau/lam. Vi har også tru på at industri-kundane etter kvart vil få behov for å kjøpe meir sau/lam frå Nortura. 

Nett nå er det pinnekjøtt som gjeld. Hittil i julesesongen har pinnekjøtt ein salsindeks på + 5%. Som de sikker veit, gjorde Gilde reint bort i årets pinnekjøtt-test i VG:

Testresultat VG

Slike resultat gjev eit godt sal og kjem ikkje av seg sjølv. Det startar med kunnskapsrike og dyktige Nortura-sauebønder som leverer lam med rett storleik, kjøttfylde og feittmengde som passar til pinnekjøtt. Det har berre vore lovord om kvaliteten på årets lam som pinnekjøttråstoff (litt lettare,  litt mindre feitt, men likevel god kjøttfylde). Så har Nortura dyktige fagfolk som tek vare på den gode kvaliteten de leverer. TAKK FOR DET!

Da står det att å takke for eit godt samarbeid i 2016 og ynskje alle ei riktig god jul og eit godt nyttår!

 

(All tekst og statistikk er produsert av Nortura).