I 2015 leverte me slakt 26. januar, 23. februar, 23.mars og 27. april. Dette passa ganske godt, og eg har derfor sett opp levering same vekene i 2016, bortsett frå leveringa i april som er utsett til mai for å få med sauer som skal slaktast før beiteslepp.
 
Det vert derfor levering veke 4 (frå 25. januar), veke 8 (frå 22. februar), veke 13 (frå 29. mars), veke 19 (frå 9. mai). 
Håpar desse vekene passar for dei fleste. Om du likevel må levera utenom desse vekene, så hentar Nortura dyra, men då vert det mindre puljetillegg.
 
Frå Nortura har eg fått oversikt over prisutviklinga for lam og sau første halvår. Eg sender også oppsummering over slaktesesongen 2015 i Nortura, og oversikt over den økonomiske gevinsten av å vera med i lammering. Med ein meirpris pr. lam på 140 kr i lammering og ca. 1700 lam levert i Osterøy Lammering frå Grønskaret, har medlemene i lammeringen hatt ein gevinst på 238.000 kr. I tillegg har Nortura spart veldig mykje pengar på inntransporten og medlemene i lammeringen slepp å venta på dyrebilen heime.

God jul og godt nyttår også frå Osterøy Lammering. Helsing Eiliv Veseth!

 

Planlagt prisendring på lam 1. halvår:

Dato

Veke 

Årsak til endring

Endring kr/kg

4. januar 2016

1

Nedgang engrospris (-kr0,40) +  auka omsetningsavgift (-kr 0,30)

-0,70

1. februar 2016

5

Nedgang omsetningsavgift

0,40

8. februar 2016

6

Auka grunntilskot

0,50

11. april 2016

15

Auka engrospris 

2,00

2. mai 2016

18

Auka engrospris 

2,00

Planlagt prisendring på  sau etter nyttår: 

Dato

Veke 

Årsak til endring

Endring kr/kg

4. januar 2016

1

Nedgang engrospris (-kr 5) + auka omsetningsavgift (-kr0,30)

-5,30

18. januar 2016

3

Auka engrospris  

1,50

25. januar 2016

4

Auka engrospris  

1,50

1. februar 2016

5

Auka engrospris (+kr 1,00 )+ nedgang omsetningsavgift (+ Kr 0,40) 

1,40

8. februar 2016

6

Auka grunntilskot

1,00

15. februar 2016

7

Auka engrospris 

1,00

 

Vi har nå inne slaktestatistikk for veke 49 og 50 (30. november- 13. desember). I desse vekene slakta Nortura 15 800 lam med medel slaktevekt 17 kg medel klasse R/R- (7,7) og medel feittgruppe 2+/2 (5,7). Dette er dei to siste slaktevekene dette året i nesten  heile Nortura, men det blir slakta ca 1000 lam i Nord-Noreg også denne veka (veke 51: 14.-20. desember). Vi dristar oss likevel til ei oppsummering av sesongen 2015:

Lammesesongen 2015:

Årets lammesesong hadde litt treg start, sikkert på grunn av sein vår og forsinka vekstsesong og fin haust i fjellet. Vi låg etter fjorårets slakting i starten av september. Når sesongen fyrst var skikkeleg i gang, så gjekk det så det suste! I dei to siste vekene i september og dei to fyrste vekene av oktober slakta Nortura over 70 000 lam kvar veke. Vi gjekk frå å ha 50% marknadsdekning i starten av september til marknadsdekning på godt over 100 % frå veke 42 (12. oktober). Marknadsdekning på over 100% betyr at vi frys inn  lam på reguleringslager. Ved utgangen av året har vi  1000 tonn lam 275 tonn sau på reguleringslager. Vi reknar med at dette er tilstrekkeleg til å dekke marknaden med norske lam fram til ny lammesesong. 

I Nortura har vi ein salsindeks dette året på litt over 100% på produkt av sau/lam. Salet av Gildemerkevarer og sal til Industrikundar har tilbakegang, men dette blir vege opp av auka sal gjennom Norfersk som produserer kjedenes eigne merkevarer. Vi kunne nok tenkt oss enda høgare salstal for å ta unna dei auka tilførslane av kvalitetslam frå Nortura-sauebøndene. Vi bestilte 100 000 fleire lam for to år sidan og som de ser; nesten 40 000 av desse lamma kom denne sesongen! Årsaken til tilførselauken er både at Nortura-sauebøndene produserer meir, men og at fleire vel å levere sau og lam til Samvirket sitt. Statistikk frå Animalia (sjå figur nedanfor) tyder på at Nortura aukar marknadsandelen sin med 1-2% i 2015. Vi veit at lammeringane og jobben lammeringleiarane gjer, er ein av dei viktigaste årsakene at vi har greidd dette. Tabellen nedanfor viser at den generelle prisen på lam har gått opp med kr 1,11 pr kg, inkluderer vi auka tilleggsytingar er prisauken kr 1,25  pr kg. Dette kjem ikkje av seg sjølv. For det fyrste har Nortura-sauebøndene produsert god kvalitet og tilpassa seg leveringsvilkåra, men den største auken kjem fordi Nortura har teke ut ein høgare pris. Det er tøft å forhandle pris med kjedene. Jo færre og meir dominerande kjedene er, jo viktigare er det at den som forhandlar pris på vegne av bonden også er dominerande og har bøndene bak seg.  

Sauebøndene i Nortura er offensive og tilførslane aukar. Nortura må difor også auke salet både i og utanfor sesong for å unngå for store reguleringslager. Vi er difor alt i gang med ulike samarbeidsprosjekt med kjedene med mål om å auke salet til neste år. Ofte er det snakk om skreddarsydde opplegg tilpassa kvar enkelt kjede, som skal gjera dei unike i forhold til dei andre kjedene. Det er difor stadig meir krevjande å vera leverandør! 

Vi har vore inne på at Nortura-sauebonden blir stadig flinkare til å produsere kvalitetslam. Statistikken nedanfor  viser at både vekt og  Stjernelamandel har auka.  Det som er spesielt for denne sesongen er veldig jamn og god kvalitet over heile landet. Nokre fylke skil seg likevel litt ut. Dei tyngste lamma kjem frå Buskerud og Sogn og Fjordane, med medel slaktevekt på ca 20,5 kg. Fylka med høgast medel klasse er Troms og Buskerud med 8,6 (R+/R) og fylket med høgast andel Stjernelam er Vest-Agder med 83,1 % Stjernelam.  Vi gratulerer difor Vest-Agder, i år som i fjor, med Stjernelam-toppen Sesongen 2015! Om dei neste plassane på pallen, er det så jamt at vi må ha alle lam inn i statistikken før vi våger å dele ut sølv og bronse….  Figurane nedanfor henta frå slaktestatistikken til Animalia, syner at Nortura-sauebonden er best også denne sesongen. Det er vi som steller med rådgjeving i Nortura veldig stolte over! 

Fleire lammeringar

Ved utgangen av 2015 er det 550 lammeringar i sving i Nortura. Det betyr at 38 lammeringar er blitt danna i løpet av sesongen 2015 og heile 75% av tilførslane våre av sau/lam kjem nå frå ein lammering. Kva har lammeringmedlemmene att økonomisk av dette samarbeidet?

Lammeringrapporten nedanfor viser at lammeringmedlemmene tek ut kr 140 meir pr lam enn dei som står utanfor lammering-samarbeidet. Dette kjem av betre kvalitet, høgare vekt og sesongtillegg og høgare puljetillegg. Vi håpar oppslutnaden om lammeringane fortset å auke slik at alle i bygda blir med. Da treng transportplanleggjarane berre å ta omsyn til lammeringane sine behov når dei skal planlegge lass, samstundes som bygda blir tømt for slaktemogne dyr når lammeringane har levert. Da fyrst blir vi verkeleg effektive! Har du ein etternølar i grenda, så vis han denne tabellen og spør om han/ho vil bli med i lammeringen.

Resultat innanfor og utanfor lammering i Nortura 2015:

Endring i leveringsvilkåra etter nyttår.  

Styret ynskjer å styrke driftsresultatet i Nortura gjennom å halde att på tilleggsytingane med mål om å auke etterbetalinga tilsvarande. I tillegg blir det jobba vidare med å spare kostnader både i drift og administrasjon. Bakgrunnen for desse tiltaka er at Nortura treng økonomisk handlingsrom for viktige fornyingar for å fortsatt vera eit slagkraftig og framtidsretta selskap. For småfe betyr det at ein må redusere tilleggsytingane med 11 millionar.  Dette er ingen enkel sak, og har vore drøfta i Fagutval og Styre ved fleire høve. Ein har til slutt blitt samde om fylgjande endringar: 

  • Satsar i sesongtillegget blir redusert med kr 1 per kg (utanom veke 39 og 40  med reduksjon på kr 0,50 per kg ).
  • Lågare sesongtillegg blir sannsynleg kompensert med høgare engrospris, slik at den totale prisnedtrappinga blir minst like stor som nå. Det er viktig for å styrke stimulansen til tidleg slakting, når det er underdekning av lam. Det betyr at kundane må betale litt meir for dei tidlege lamma og forholdsvis litt mindre for lam slakta seinare i sesongen . Vi håpar  også at dette kan føre til at etterspørselskurva blir meir i takt med tilførselskurva. 
  • Gourmetlamtillegget innførast også for veke 32 og 33, mot frå veke 34 i 2015. Dette blir gjort for å kompensere for lågare sesongtillegg i desse vekene. 
  • Øvste trinnet for puljetillegg på 220 småfe er tilpassa bil og henger. Fellesskapet har ikkje fått så god effekt av dette puljetillegget som vi håpa på, og vi fjernar difor det øvste trinnet og går attende til 130 småfe som høgaste trinn for puljetillegg med ein sats på 50 kr/stk.
  • Satsane i kvantumstillegget blir redusert til fylgjande satsar i kr per kg.

Ny sats 2016

Nåverande sats

1000 – 1999 kg 

0,40

0,50

2000 – 2999 kg

0,80

1,00

3000 – 4999 kg  

1,20

1,50

Frå 5000 kg  

1,70

2,00

Det er aldri enkelt å redusere tilleggsytingane. Men målet er altså ikkje å redusere den totale utbetalingane til Nortura-bonden, men at meir av utbetalinga skal kome i form av etterbetaling. Det gjev betre vilkår for Nortura hjå bankane, og det er viktig for at Nortura-butikken skal gå bra.

Da står det att å takke Lammeringleiarane i Nortura for eit godt samarbeid i året som snart er over. Vi håpar på eit minst like godt samarbeid i 2016!

(Tekst og statistikk er produsert av Nortura)