Lammeringleiarnytt nr. 8 2015
Nytt lammeringleiarnytt er tilgjengelig.
Da har vi inne slaktestatistikk for veke 40 (28. sept.- 4. okt.). Dette vart nok ei god slakteveke i Nortura- vi slakta 72 500 lam. Dette er 2 500 fleire lam enn i slakteprognosa vår . På grunn av ein feil i talgrunnlaget, var vi vel optimistisk da vi spådde slaktinga for denne veka i førre nummer av LammeringLeiarNytt, men 72 300 lam er likevel veldig bra! Det er mange år sidan Nortura har slakta så mange lam på ei veke. Medel slaktevekt i veke 39 var 19,9 kg, feittgruppa var på 2+ og klassen mellom R og R+. Vi kan nå gjera opp status for september, den viktigaste lammemånaden i heile året. I løpet av september slakta Nortura 255 000 lam. Dette er ein auke på 3,6% i forhold til september i 2014. Til tross for ein litt treg start i veke 36, så tok vi dette igjen og vel så det i resten av månaden. Veldig bra! God tilgang på lam i september er ein viktig årsak til Nortura har gode salstal for ferske lam hittil i sesongen.
Denne veka (veke 41: 5.-11. oktober) ser vi ut til å slakte ca 69 500 lam. Dette er omtrent som prognosert. I neste veke (veke 42: 12-18 oktober) vil det også vera fullt trykk på småfelinene i Nortura. Vi legg opp til å slakte ca 70 000 lam (inkl. retur og nisje-lam) samstundes som tilførslane av sau også aukar pga at prisen på sau går opp med kr 3,50 frå måndag 12. oktober (eff.tillegg kr 1, grunntilskot kr 1 og auka engrospris kr 1,50). Vi har difor behov for å skyve litt slakting i enkelte område over til veke 43. Vi håpar på forståing for det. Etterspørselen etter lam går noko ned, det betyr at vi har ein dekningsgrad på 120% i neste veke, og Nortura planlegg å fryse inn ca 10 000 lam på reguleringslager. Det er difor berre å invitere til fårikållag/lammelår-aften osv.. med godt samvit! Vi har nok lam å tilby med fantastisk flott kvalitet for tida .
Vi er blitt bedt om å minne om saker som stel tid på slakteria våre, samstundes som det er enkelt å gjera noko med for bonden:
- Når bonden skal ha skinn eller slakt i retur, er det veldig viktig at desse dyra er merka med signalmerke. Dersom dyra ikkje er det, så må tilsette på slaktefjøsa bruke mykje tid på å leite tak i dei rette dyra. Returmerke kan bestillast på Medlemssentra.
- Det hender også at eit dyr er merka med to ulike individnr. Dette er også vera tidkrevjande å finne ut av dersom avrekninga skal bli rett. Alt slik plunder og heft kostar tid og pengar for Nortura og difor medlemmene.
Vi håpar difor at lammeringleiarane kan hjelpe oss med å minne om at det er viktig at dyra er korrekt merka.. både med signalmerker og individnr.
Da er det berre å stå på vidare, vi skal gjera det vi kan for at reguleringslagra på lam etter årets sesong blir passeleg store, slik at vi unngår både import på grunn av nedsett toll og låge prisar pga overproduksjon.
(All tekst og statistikk er produsert av Nortura.)