Til medlemene i Osterøy Lammering.

HAUSTSESONGEN 2016

Medlemane i Osterøy Lammering har nyleg fått tilsendt heftet « Lammesesongen 2016» frå Nortura. Heftet gjev ei grundig orientering om tiltak for å få best mogeleg utbytte av slaktedyra du har tenkt å levera i haust. Ta vare på heftet, og bruk det når du skal planlegga innmelding av slakt.

I haust er det sesongtillegg på vaksen sau frå veke 32 (frå 8. aug) til og med veke 35 (frå  29. aug.), og frå veke 42 (frå 17. okt.)  til og med veke 45 (frå 7. nov.). I desse periodane er det   kr 2,50 i overpris på vaksen sau. Pass på å levera dei vaksne sauene i desse periodane, slik at Nortura unngår slakting av vaksen sau i ein travel lammesesong.

For lam er det topp-pris frå veke 32 fram til og med veke 34 (17. aug). I år er prisnedtrappinga brattare enn vanleg. Dette er gjort for å få meir slakt  tidleg i sesongen. Det vil derfor lønna seg å slakta lamma tidlegare enn vanleg. Det er likevel viktig å bruka vekt og å kjenna på ryggen på lamma om dei er slaktemogne.

Lammeringen har sett opp levering Veke 34 (frå 22.aug.), veke 36 (frå 5. sept.), veke 37 (frå 12. sept.), veke 38 (frå 19. sept), veke 39 (frå 26.sept.),  veke 40 (frå 3. okt.), veke 41 (frå 10. okt.), veke 42 (frå 17. okt.), veke 44 (frå 31. okt.) og veke 46 (frå 14. nov.).

Dersom det er slaktedyr att etter veke 46 som de ynskjer å levera før nyttår, kan me samla opp til ei levering heilt på slutten av året.

Bruk vekt, og kjenn på ryggen på lamma om dei er klare for slakting!!

Lukke til med sauesankinga og haustsesongen.

 

Helsing
Osterøy Lammering
Eiliv Veseth