Medlemane i Osterøy Lammering har nyleg fått tilsendt heftet « Lammesesongen 2018» frå Nortura. Heftet gjev ei grundig orientering om tiltak for å få best mogeleg utbytte av slaktedyra du har tenkt å levera i haust. Ta vare på heftet, og bruk det når du skal planlegga innmelding av slakt.

Prisløypa for lam er lik prisløypa for 2017. Det same gjeld også «effektivitetstillegget» for vaksen sau. Nytt for alle slakteria i år er at det vert trekt 20% (7-8 kr) av kjøtprisen på lam frå leverandører som ikkje har godkjendt KSL. Sjekk derfor om du har KSL i  orden, og rett opp det som eventueSlt manglar  

I haust er det sesongtillegg på vaksen sau frå veke 31 (frå 30. juli) til og med veke 35 (frå  27. aug.), og opptrapping av prisen frå veke 43 (frå 22. okt.)  til og med veke 47 (frå 19.okt.). I desse periodane er det   kr 4,00 i overpris på vaksen sau. Pass på å levera dei vaksne sauene i desse periodane, slik at Nortura unngår slakting av vaksen sau i ein travel lammesesong.

For lam er det topp-pris frå veke 32 (frå 6.aug.) fram til og med veke 34 (20. aug). Også i år er prisnedtrappinga brattare enn vanleg. Dette er gjort for å få meir slakt  tidleg i sesongen. Det vil derfor lønna seg å slakta lamma tidlegare enn vanleg. Det er likevel viktig å bruka vekt og å kjenna på ryggen på lamma om dei er slaktemogne.

Lammeringen har sett opp levering  veke 32 (frå 6.aug.), veke 34 (frå 20.aug.), veke 36 (frå 3. sept.), veke 37 (frå 10. sept.), veke 38 (frå 17. sept), veke 39 (frå 24.sept.),  veke 40 (frå 1. okt.), veke 41 (frå 8. okt.), veke 42 (frå 15. okt.), veke 44 (frå 29. okt.) og veke 46 (frå 12. nov.). Dette er dei same slaktevekene som hausten 2016, som eg hadde inntrykk av at  medlemane var fornøygde med.

Dersom det er slaktedyr att etter veke 46 som de ynskjer å levera før nyttår, kan me samla opp til ei levering heilt på slutten av året.

Bruk vekt, og kjenn på ryggen på lamma om dei er klare for slakting!!

Lukke til med sauesankinga og haustsesongen.

Helsing
Osterøy Lammering
Eiliv Veseth