Notér ned dei nye leveringsvekene. Første levering er allereie mandag 23. august (veke 34). Vidare heldt ein fram med levering i veke 36, 37, 38, 39, 40 , 41, 42, 44 og 46.

Nytt av hausten er at Eiliv Veseth trer av som lammeringsleiar og overlét roret til andre. Inntil etterfølgjar er på plass er det styret v/ Mons Kjetil som er kontakt for lammeringen.

Er lammeringsleiar ein jobb for deg, eller veit du om nokon som kan vere interessert, ta gjerne kontakt med Mons Kjetil, tlf. 917 43 411.

Alt dette med meir kan du lese meir om i informasjonsskrivet frå styreleiar i margen til høyre (på mobil finn du skrivet under denne teksten).