I og med at Noreg har EØS- avtalen med EU, er også me underlagt dei same veterinærbestemmelsane som gjeld for EU-landa.

Grunnen til at ESA kom på Grønskaret var at dei var i Noreg for å kontrollera at reglane for dyrehelse og dyrevelferd vert oppfølgt. På Noregsturen hadde dei orienteringsmøte med Mattilsynet både lokalt og på landsplan, og besøk på mange ulike stader i landet der fjørfe og husdyr oppheld seg. 

ESA var derfor interessert i sjekka at dei vilkåra som lokalt Mattilsyn sette då dei godkjende huset, var innafor regelverket.  Oppsamlingshuset på Grønskaret er det einaste slike anlegget i landet.

Deltakarane hadde ein grundig sjekk av huset. Spesiellt var dei opptekne av spaltegolvet av tre. Det var tydeleg at “utlendingane” ikkje var vande med slikt golv, dei hadde sikkert tenkt seg strekkmetall eller plastrister. Men då Mons Kjetil på “flytande” engelsk fortalde at dette var billegaste golvet me kunne legga, at det fungerer  godt og at denne typen golv er heilt vanleg i Noreg, var dei fornøgde. Elles var det ein grundig gjennomgang av rutinane med innmelding av dyr, transport av dyr til Grønskaret, oppstallingstid og henting av dyra av Nortura.

Besøket vart avslutta med nytrekt  kaffi og varm eplekake (det var kaldt og litt snø ute). Dette sette deltakarane stor pris på, og når dei vart orientert om fordelane med oppsamlingshuset når det gjeld dyrevelferd og innspart transporttid til slakteri, var deltakarane godt fornøgd med det dei fekk sjå og høyra under besøket.

Etter besøka i Noreg skal ESA utarbeida ein rapport over det dei har sett og høyrt under Noregsbesøket sitt. Denne rapporten er enno ikkje komen, Osterøy Sau og Geit vil verta orientert om det som vedkjem vårt anlegg i rapporten.

Eiliv Veseth

 

Bakerst frå venstre:  Åse Bech, Seksjonssjef Mattilsynet Distriktskontor for Bergen og omland, Trude Lien, Seniorrådgiver Mattilsynet Regionkontor for Hordaland Sogn og Fjordane, Mario Sapino frå Italia, som er for dyretransport hos de Italienske veterinærmyndigheter, Jann Britt Krakhellen, Norsk Inspektør i ESA, EU sitt kontrollorgan for Noreg sin oppfølging av EØS-avtalen, Arve Viken, Seniorinspektør Mattilsynet distriktskontor for Bergen og omland, Eiliv Veseth, Osterøy Sau og Geit sin ansvarlege for transportsentralen.

Sittande fremst frå venstre: Ignacio Carro Perez frå Spania, som arbeider i SVO, EU sitt kontrollorgan for dyrehelse og dyrevelferd innad i EU-landa, Luca Farina frå Italia, som er inspektør i ESA.

Ei som manglar på biletet er Kristel Halvorsen, Seniorrådgjevar ved Mattilsynet sitt hovedkontor, seksjon for Landdyr og dyrehelsepersonell.

Alle dei som er nemnt er veterinærar utanom Eiliv Veseth.

Fotograf: Mons Kjetil Vevle