Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juni 2020
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930     
       

Kva skjer i NyGiv?

01.10.2014

Vi vonar at årets periode med lamming, onn, beite, sanking og slakt har gått vel. Det er tid for å gire opp litt med nye aktivitetar i NyGiv og her er litt informasjon om kva planar arbeidsgruppa har framover.

Arbeidsgruppa i prosjektet har ofte kontakt og arbeider med utvikling av nye tiltak og vurdering av gjennomførte tiltak. På sist møte gjekk hadde vi evaluering over gjennomførte aktivitetar og har laga konkrete planar for det komande halvåret.

Evaluering av prosjektet så langt i 2014:

Aktivitet:

  • Januar: Møte med Bergset på Hatlestrand og i Ølen i samarbeid med RSG. Godt oppmøte i Ølen. Mindre oppmøte på Hatlestrand.
  • Februar: Møteserien «Tjen pengar på sau» vart gjennomført med 5 møtekveldar (Voss, Hatlestrand, Stord, Knarvik og Odda). Arbeidsgruppa er godt nøgd med møteserien.
  • Mars: Fagdag bygg i Kvam med besøk i tre ulike bygningar og samling med føredrag og mat. Arbeidsgruppa er godt nøgd med oppmøte og gjennomføring.
  • Juni: Prøvde oss på å få i gang møtet om produksjon på utegangarsau, men måtte utsetje til hausten.
  • Ny gjennomgang  av tilbakemeldingane frå leiarar i lokallaga til sau og geit (leiarsamling des 2013): Vi har stort sett forbetra oss på dei områda vi burde, bortsett frå bruk av media – her må vi bli endå flinkare til å få positiv spalteplass.

Økonomi:

  • Nokolunde balanse for prosjektåret 2013.
  • Ligg greitt an med økonomien hittil i 2014.

 
Førebelse planar for resten av 2014 og litt inn i 2015:

  • Gjennom året; fagleg oppfølging av produsentar ved rådgjevar i Nortura og Fatland.
  • Gjennom året; nytte HSG si heimeside som informasjonskanal + få informasjon om NyGiv og aktivitetane våre i aktuelle tidsskrift.
  • 2. og 3. september; fagmøter om god produksjon på utegangarsau i Lindås og på Bømlo.
  • Underprosjekta med fagleg oppfølging av utvalde bruk/tema fortset. Vi vil tilby fagmøter på dei utvalde fagfelta etter kvart.
  • November; Brukarkurs i ny sauekontroll i samarbeid med Animalia; vil tilby dette så mange stader som vi klarer!
  • Januar 2015; møter om økonomi i sauehald 2 nye stader (tilsvarande møteserien i februar 2013)
  • August 2015; Fjellbeitemøte – vurdering av beitekvalitet og sanketidspunkt (vi drar til fjells og får med oss fagekspert Yngve Rekdal frå Skog og Landskap).

Arbeidsgruppa vil i tillegg til dette fortsatt oppmode til lokale aktivitetar i regi av det enkelte lag. Det er framleis høve til å søkje tilskot til aktivitetar.


Hugs at vi gjerne tek imot innspel om aktuelle tema og tips undervegs i prosjektet!
 

 
Hordaland Sau og Geit Org. nr.: 992 113 189
Leder: Reidar Magne Kallestad
Mob.: 41 56 00 48
E-post: reidar.kallestad@online.no