Møtet varte i 1 time frå kl. 14.00 til kl. 15.00. Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, leia møtet ved å innleia og gje ordet vidare til Pål Kjorstad, Tone Våg og Merete Furuberg. Deretter svarte/kommenterte statsrådane saka og kravet som vart lagt fram frå organisasjonane. Til slutt vart tida nytta til utgreiande spørsmål og svar.

På nettsida til Norges Bonde- og Småbrukarlag finn vi denne artikkelen i forkant av møtet.

På nettsida til Norges Bondelag finn vi denne artikkelen etter møtet.

NRK, Hedmark og Oppland skeriv dette.

På bilete ser vi Lars Petter Bartnes, Sylvi Listahaug, Merete Furuberg og Tone Våg etter møtet fotografert av underteikna.

Etter møtet med Sundtoft på Lillehammer og Listhaug og Sundtoft nå synest organisasjonane at det ser ut til at statsrådane lyttar og tek oss på alvor. Nokon lovnad kom dei ikkje med, men Sundtoft er nå iallefall klar over at bestanden av jerv i Oppland er dobbelt så stor som den skal vera, ho har fått høyra om dei amputerte hiuttaka som nokre meinte var vellykka og ho har teke til å tenkt på alternative/betre måtar for å effektuera uttaket av jerv ved iallefall å ta ut lisenskvota. Listhaug skjønte den store frustrasjonen beitenæringa og da særleg dei 20 i saka følte. Ho sa bl.a. at det ikkje kom på tale med generellt yrkesforbud eller "avskilting" av sauebønder. Ho sa òg at dette var ei sak Mattilsynet sjølve laut løysa og avviste at ho ut frå kravet som vart lagt fram ville instruera dei til å trekkja saka. Men ho sa i same høvet at ansatte i eige departement ville følgja saka tett. Hjemmelsgrunnlaget for å nekte slepp i ei ubegrensa periode vart diskutert i møtet og etter det eg kunne forstå var dette svært tynt.

Møtet gjekk føre seg i svært ordna former utan dramatikk, og alle var enige om at vi sikkert kom til å møtast att med det fyrste. Heilt privat tykte eg som redaktør av denne sida at møtet inneheldt positive tankar for beitenæringa og dei 20 berørte i Oppland. MEN det er eit stort men: Det må takast ut minst 25 jerver i Oppland føre beitesesongen 2015, korleis skal vi få til det? Kven skal gjera det? Korleis skal det gjerast? Og får vi lov til å gjera det? Eg veit ein ting: Miljødirektoratet gjev oss ikkje lov til dette utan at det vert posta eit brev frå regjeringskontora i Oslo.

Dersom nokon vil ha ein kopi av det som Pål Kjorstad la fram på møtet så ta kontakt med han på pkjorstad@outlook.com eller 99034406. Innlegget innheld namna på dei 20 og vert ikkje lagt ut på nettet.