Infoskrivet omhandlar dei føreståande regionmøta, der 1 frå kvart beitelag og 2 frå kvart lokallag er innbedne. Det nye i år er at vi tek attende den gamle modellen med 4 regionmøter for at det ikkje skal vera så langt til desse møta, som det har vorte i seinare tid. På regionmøta er det opp til dei innbedne om å ta tak i emner som brenn på grasrota.

Infoskrivet omhandlar òg den komande årsmøte og seminarhelga på Scandic Hafjell i Øyer i tida 21.-23 februar 2020. Helga omfattar årsmøte i Ring 41, årsmøte i fylkeslaget m/radiobjøllelaget og ikkje minst seminar og sosialt samvær. Vi ønskjer og håper at mange sett av tid til dette, og minnar om at også Hedmark Sau og Geit kjem på same arrangement.

Infoskrivet omhandlar ymse plikter og fristar for lokallaga, og vi minnar om at det viktigaste og mest elementære eit lokallag arrangerer i året er årsmøte, som skal arrangerast innan 1. februar.

Til slutt omhandlar infoskrivet elektronisk overvaking gjennom Oppland Radiobjøllelag. Her er det moglegheiter for mange å utvida eller starta på nytt med radiobjøller frå Telespor eller Findmy. Er du ny eller gamal brukar og medlem i lokallag av NSG i Oppland eller medlem i organisert beitebruk med storfe, så sjekk denne linken.

Heile infoskrivet får dere alle i posten i neste veke, men dere kan alt sjå det her.