-
Klippekurs i Oppland hausten 2012
Det vert halde 2 klippekurs i Oppland i haust.
-
Radiobjølleprosjektet i media
Media er i feriemodus og vi fekk framsida i GD 26/7 2012 og i dag fekk vi ei side i VG. Dersom det er bra med litt positiv omtale, så får vi ta med dette som eit pluss i ein beitesesong med tilhørande utfordringar.
-
Norske kadaverhunder
Vi mistar kvart år mange dyr på beite. Dei fleste døyr grunna freda rovvilt, og da er det viktig å dokumentera enkelttilfelle. Oppland har gjennom arbeidet, starta av Kjell Smestad og vidareført gjennom "Norske Kadaverhunder", vorte ein av pionerane med såkalla kadaverhundekvipasjar.
-
Radioaktivitet 2012
Oppland vart sterkt ramma av Tjernobyl-ulykka i 1986 og slit som kjendt enda med høge becquerel-målingar i fleire beitelag. Mattilsynet oppdaterar kvart år dei generelle krava og bestemmer observasjonsonene.
-
Beiteinfo 2012
Utmarksbeitesesongen er i full gang og FM i Oppland i samarbeid med SNO har òg i år laga ein infofolder, som sendes ut til alle med beitedyr i Oppland. Folderen inneheld samstundes mykje relatert informasjon for oss beitebrukere med fokus på rovvilt og rovviltforvaltning.
-
Ulver i Oppland - 1 fellt nå
Etter mange meldingar om ulv i Oppland i heile vår, og som oftast 2 sett saman på Lesja vart den eine av dei fellt seint i gårkveld, 16/6. Desverre laut det til mykje saueblod før dette skjedde, og mange kan enda gå tapt da den andre ennå ikkje er fellt.
-
Møter og info om radiobjølleprosjektet
Lamminga er på hell og organisasjonsarbeidet må takast opp att. OSG byrjar med ein møterunde med deltakarane i Radiobjølleprosjektet 21, 22 og 23/5.
-
Bjørn fellt i Oppland
Etter at DN ga fellingsløyve vart ein gamal bjørn på 190 kg skote i dag 19/4 kl. 14.00.
-
Bjørnen har vakna att
Bjørnespor har vorte registrert i Bødalen i Gausdal. Ola Borgemoen fortel at dei var i område torsdag 29/3 utan å sjå noko. Men laurdag 31/3 vart det registrert bjørnespor i området.