Den 18. februar 1949 møtte utsendingar frå åtte lokallag til skipingsmøte. Desse lokallaga var: Skåre, Gjesdal, Bjerkreim, Nærbø, Time Tysvær, Helleland og Høyland.
Alf Ravndal frå Gjesdal blei vald til laget fyrste formann.

Med seg i styre fekk han:

Ryfylke  Nils Berge
Karmsund Sigve Lervik
Jæren Odd Schibevaag
Dalane Tollak Rødland

Rogaland sau- og geitalslag skulle arbeida etter dei arbeidsmåla som var sette opp av landslaget.  Skipingsmøte vedtok også samrøystes at normallovene også skulle gjelda for fylkeslaget.

  • I 1952 hadde vi 20 lokallag med 1097 medlemmer i Rogaland.
  • I 1967 hadde medlemstala auka til 2152 medlemmer, fordelt på 28 lokallag.
  • I 2004 var vi 32 lokallag, og 2140 medlemmer.
  • Kontingenten var dei fyrste åra kr 5,-. Kr. 3,50 gjekk til landslaget, kr. 0,50 til fylke og kr.1,00 til lokallaget.


Fylgjande har vore leiarar i RSG.

1949-1950 Alf Ravndal
1951-1955 Karl L. Skjæveland
1956-1959 Albert Moe
1960-1962 Tolleiv Gjedrem
1963-1964 Håkon Kyllingstad
1965-1967 Arne Ravndal
1968-4. juni 1971 Hallvard Bakken
4. juni 1971-1973 Odd Lima
1974 - 1975 Arne Ravndal
1976 - 1979 Hallvard Bakken
1980 - 1984 Knut R, Tunheim
1985 - 1987 Hermund Lende
1988 Gustav Birkeland
1989 - 1993 Knut Skaar
1994 Karluf Håkull
1995 - 1996 Johannes Kolnes
1997 - 1999 Arnold Helland
2000 - 2001 Ove Ommundsen
2002 - 2006 Sigmund Skjæveland
2007 - 2011 Ole Jonny Espevold
2012 -2015 Magne J. Bjørheim
2016 - 2018 Bjørn  Høyland
2018 - 2019 Håvard Helgeland
2020 - 2022 Kjell Åge Torsen

 

Til 50-årsjubileet fekk RSG laga eit hefte som tar for seg laget gjennom desse fyrste femti åra. Dette heftet kan du få kjøpt gjennom RSG´s sekretær for 100 koner.