Vedtekter for Rogaland Sau og Geit
Rogaland sau og geit er eit fylkeslag under Norsk Sau og Geit, NSG.
NSG sine lagslovar er styrande også for fylkeslaga.
NSG sine lagslovar finn du her. (siste oppdatering 21.mars 2021. )
I tillegg til lagslovane, har Rogaland Sau og Geit gjort eit årsmøtevedtak om regionar i fylket, som påverkar innstilling til, og val av styremedlemar. Utklypp frå referat under:
Referat frå årsmøte i Rsg i Haugesund laurdag den 25.02.06.
s.1: Vedtektsendringar. Fylkesstyret skal ha 4 styremedlemer. Vi har i dag 5. Det er i dag 5 valregionar. Den regionen som ikkje får styremedlem skal ha 1. vara, som møter i styret. Nsg, fylkeslaga og lokallaga heiter no Sau og Geit. s.4 ....Styret støtta valnemnda som gjekk inn for 5 valregionar som i dag. Det skal no vera 4 styremedlemmer i styret. Varaperson til styret skal koma i frå den 5. regionen. s.5: ....Det vart einstemmig bestemt at det i år skulle vera 5 valregionar.
Saka vart på nytt tatt opp i årsmøtet for 2014, 20.og 21.febr 2015, sjå referat side 3. Det vart vedteke å halde fram med å ha styremedlemar frå fem valregionar.
Begge referata finn de ved å klikke her, sjå på referat frå 2006 og 2014.