ÅRETS LOKALLAG

Utnemning av årets lokallag er ei ordning Rogaland sau og geit innfører i 2024.

Dette for å skape  engasjement i styrearbeid og lokallag, og for å gje ei merksemd til dei som gjer en ekstra innsats i løpet av året.

Regionmøtet nominerer i sine møte kvar haust, eit lag frå sin region, som kandidat til «årets lokallag» i Rogaland sau og geit.  Styret i RSG annonserer  på årsmøte året etterpå, kva lokallag som blir årets lokallag, laget blir premiert med kr. 5000,- som dei kan nytte til sine aktivitetar, sosialt eller fagleg.

Kriteriar for å bli nominert som årets lokallag:

  • Avholder årsmøte i januar.
  • Konstituerer seg raskt og sender inn årsrapporten innen fristen.
  • Lokallaget har gjennom året vist at dei har fagleg og sosial aktivitet som aukar trivnad og aktivitet i laget.
  • Lokallaget bidrar med innspel til jordbruksforhandlingane til fylkeslaget innan fristen.
  • Lokallaget stiller med representanter på leiarmøte og årsmøte i fylkeslaget.
  • Er gjerne innovative i sitt arbeid, og har arrangement som kan gje plusspoeng,. =)

( men då treng styret i RSG eit hint om dette, til  rogalandsauoggeit@gmail.com)