Aktive sauebønder i Gloppen.
Næringa treng av og til sosiale samlingar utan om det daglege fjøsstellet og dei ulike oppgåvene ut over sommaren. Laga i Gloppen har siste året gjennomført mykje aktivitet i fellesskap. Dette medfører eit breiare miljø og fleire som er samla samtidig. Sau og Geit i Breim og Gloppen har vore svært opptekne av å styrke samhaldet i småfenæringa i Gloppen Kommune. Næringa er avhengig av eit godt fagleg og sosialt miljø. Det er avgjerande for trivsel og rekruttering. Sau og Geit ynskjer å stimulere til at unge interesserte småfehaldarar skal ta over gardsbruk og gjerne auke talet med vinterfora dyr.