Sikre inntekta til geitbonden framover.
Breim Sau og Geit meinar at dei 285 gjenverande geitmjølksprodusentane i Norge må sikrast ein tryggare leveveg i næringa.
Bonden som produserar geitmjølka må eige mjølkekvoten sin.
Leige av mjølkekvote tappar geitmjølksprodusentane for mykje økonomisk.
Laget har sterke meiningar om at det må bli ei avvikling på utleige av geitmjølkskvote.
Den som produserar kvoten skal framover eige kvoten.
Den som produserar kvoten må innan ei overgangstid på 5 år få overført/kjøpt kvoten som vert leigd i dag.
I 2015 var 20,4 % av total disponibel geitemjølkkvote på 21.914.991 liter leigd.
Det er meiningslaust at geitmjølkskvote vert vekkleigd for både 2 kr. og gjerne meir pr. liter.
Kvotesal av det som er historisk frå staten må styrast innan fornuftige prisrammer.
Det må gjevast ein tidsfrist til dei som leiger ut på maksimum 5 år slik at dei som vurderar å starte produksjon sjølve skal kunne det.
Det kan ikkje vere slik at dei som ikkje ynskjer å produsere sjølve skal tappe økonomien til dei som har invistert millionar av kroner for å produsere geitmjølk inn i framtida.
Det må innførast eit maks kvotetak på 200 000 for geitmjølk slik at vi opprettheld dei 285 eksisterande produsentane som no er att i Norge.