Kjøt frå ung geit må verdsetjast.
Geitnæringa må få betre pris for produksjon av kjøt av eldre kje og unggeiter.
Det vert i dag avliva for mykje nyfødde kje. Grunnen til dette er at det ikkje løner seg økonomisk. Dette er meiningslaust når ein kan produsere ei kvalitetsvare som er etterspurd i marknaden.
Utfordringa er at det i dag ikkje vert prioritert av slakterinæringa og dei som set kjøtprisen på kje og unggeit. Det er etisk dårleg å ikkje fore fram desse dyra til ei smakfull og sunn råvare.
Derom ein forar fram kjea og slepper dei på friskt fjellbeite til fram mot September vert desse dyra klasifisert som geit med ein kjøtpris frå 50 øre til 5-6 kroner kiloen. Dette er vel det som næringa verkeleg kan kalle mangel på etikk!
Næringa krev at noko alvorleg må gjerast med klasifiseringsregelverk og prissetjing av ung geit.
Vi meinar at det må innførast ordningar som gjer at dette kjøtslaget vert økonomisk forsvarleg å produsere til marknaden.
Slaktetilskot på 500 kroner og betre pris og klasifisering tilpassa denne dyrearta, vil vere grep som er naudsynte for å få fram dette kjøtslaget.
Med slaktevekter i September på kring 15 kilo er dette gode slakt for unge geiter og må prisast slik at det vert fora fram av geitebøndene for ein aukande marknad.