Éin fasit finn ein nok ikkje, men at noko kan, og bør gjerast, er ingen i tvil om.
Mattilsynet arbeidar kontinuerleg for å sjå til at Dyrevelferdslova vert halden, og i fjor utførte dei omlag 17 000 tilsyn i dyrehaldet. Trass dette er det framleis mange tragediar rundtom i det ganske land.

Kva kan vi gjere for å fange opp risikodyrehald?

I Dyrevelferdslova vart det for nokre år sidan innført varslingsplikt, og årleg mottek Mattilsynet omlag 8600 bekymringsmeldinar om dyrehald. Nokre anonyme, andre ikkje. Tilsynet bruker mykje ressursar på å følgje desse sakene opp, men trass dette er det framleis ønskje om å motta fleire bekymringsmeldingar frå næringsaktørar. Dette fordi næringsaktørane er dei som er tettast på husdyrhaldet, og kan med dette også sjå ei kritisk utvikling tidleg.

Torsdag 21.februar møttest dei overnemde "organisasjonane" til samtale rundt temaet, og dei vart einige om følgjande tiltak:

 
  • Informere aktivt om plikten alle har til å varsle om bekymringsfulle høve i dyrehaldet (dette er ein plikta til etter Dyrevelferdslova)
    Det er behov for å gi betre informasjon om plikta og rutinene ved varsling til alle som har ærend innom gardane.
    Det er også eit ønskje å vidareformidle at tidlege bekymringsmeldingar er ei hjelp for bonden, ikkje angiveri.

     
  • Mattilsynet vil også opprette kontakt mot helsevesenet for å informere om varslingsretten dei har etter Dyrevelferdslova.
     
  • Felles støtte til kampanje i regi av Landbrukets HMS-tjeneste:
    Det er eit ønskje å utarbeide informasjonsmateriell om varslingsplikta.
    Det skal i regi av kampanjen også haldast ein møteserie for landbruket der m.a. psykisk helse skal vera eit tema.
    Føremålet er å senke lista for å snakke om psykiske problem.

     
  • I samband med kampanjen er det også eit ønskje å utarbeide veiledningsmateriell retta mot næringa.
     
  • Bondeorganisasjonane vil løfte avløysarbehovet inn i jordbruksforhandlingane.
    Avløysarar sikrar både eit ekstra blikk inn i fjøset, og eit førebyggjande tiltak for god helse.

     
  • Mattilsynet vil spre meir informasjon internt om kva ulike høve for hjelp bønder i vanskelege situasjonar har, slik at tilsynspersonell betre kan bidra til at bønder med problem finn hjelp.

​Mange gode tiltak skal setjast i verk av gode, og kompetente folk og organisasjonar.

Men kva så med meg og deg?
Bøndene?
Dei som er nærast "grasrota"?

Er det noko du og eg som bønder kan vera med og gjera?
Kva med ein kaffitår med nabobonden?
Kva med "den gode samtalen" med naboen?

Gjer eg mitt?
Gjer du ditt?

 

Følg gjerne saka vidare på Mattilsynet sine sider.