Det er fokus på dyrevelferd, og i den forbindelse er det påkrevd at alle sauebønder med 30 vinterfôra sau, eller meir må gjennomføra besøk av veterinær og kurs i dette tema i løpet av året. Vi i Bergen og Os Sau og Geit ønsker å bidra til at dei som ønsker det kan gjennomgå delar av kurset i fellesskap. Alle må innan ein frist gjennomføra kurset på eigen PC, men vi inviterer til gjennomgang av kurset saman med veterinær Kristin Semb Gjerde. 

Vi ønsker velkomen til Bondelaget sine lokale på Felleskjøpet Kokstad mandag 12. februar kl 18.00 til sosialt og fagleg samvær. Det vert lett bevertning.

Påmelding til bergenosg@outlook.com eller mobil 913 07 371 innan fredag 9. februar.

Med venleg helsing styret

Her finn du meir info om dyrevelferdsprogrammet for sau