Referat styremøte 12. Januar
ordaland Sau og Geit
Referat styremøte HSG torsdag 12. januar 2023.
Stad: Teams
Til stades: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Oddmund Hildal, Svanhild Aksnes, Kato Hilleren og Ola Steinsland.
Sak 01/23 Godkjenning av innkalling og saksliste.
Vedtak: Godkjent
Sak 02/23 Godkjenning av referat styremøte 19. des. 2022.
Vedtak: Godkjent
Sak 03/23 Gjennomgang av arbeid som på går:
-
Kurs i bruk av Min side i veke 07.
Er i gang med forberede arbeid mot lokallaga til møte med leverandør av «Min side»
-
Organisasjonskurs 28. januar påmelding så langt.
Lite påmeldt så langt, sender ein ny e- post til lokallag med påminning.
-
Oppsummering etter møte med tema Jordbruksforhandlingane 2023.
-
Eit godt Teams møte med Bondeorganisasjonane. Gode innspel til og ta med videre i arbeidet. Litt få som var med.
-
Årsmelding så langt
Arbeidet er godt i gang. Svanhild arbeider med og få på plass alle annonsørane.
Sak 04/23 Oppnemning av Avlsutvalet og Gjetarhundnemnda for 2023.
Styret har i forkant sendt denne saka ut til lokallag og vereringane og bedt om innspel. Det kom mange innspel og ut frå det gjorde Styret dette vedtaket.
Vedtak: Sjå eige vedlegg.
Sak 05/23 Program for Årsmøte i HSG.
Styret diskuterte program til Årsmøte.
Vedtak: Reidar og Kjetil skal ta kontakt med ulike aktørar for og høyre om dei vil delta under årsmøte. I tillegg til vanlege Årsmøtesaker.
Sak 06/23 Invitasjon/påmelding og kostnad for lokallaga til Årsmøte i HSG.
Invitasjon- og tidsplan for påmelding var og tema. Det er strenge fristar i forhold til avtale med hotell og denne må HSG forholde seg til.
Vedtak: Sender nå ut info om Årsmøte med frist for påmelding. HSG er med og tar ein del av kostnaden. Denne e- posten blei sendt kontaktpersonane i lokallaga 20. januar:
Hordaland Sau og Geit kallar inn til Årsmøte 24. – 25. februar.
Stad: Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsliåsen 50.
Lokallag som vil ha ei sak fremja for årsmøtet, må sende saka inn til styret i fylkeslaget seinast 1 månad før årsmøtet.
Pris pr. deltakar kr. 1.200.-
Påmelding til Kjetil Rødland e- post kroedlan@online.no tlf. 911 79 771 innan 9. februar 2023
Sakliste og program blir sendt ut i etterkant.
Ymse:
-
Æresmedlem i lokallag- Styret hadde fått inn søknad frå lokallag om å utnemning av Æresmedlem. På grunn av at dette skal vara ukjent for mottakar vil HSG gå ut med navn i etterkant.
Ref.
Karluf Håkull