Referat styremøte HSG mandag 18. desember 2023.

Stad: Bjørkheim Kro og Motell
Desse var med: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Svanhild Aksnes, Kato Hilleren, Ola
Steinsland og 1. vara Lars Johan Tveit.
Frå avlsutvalet Tore Atle Sørheim, Gjetarhundnemnda Audun Seilen.

Sak 60/23 Godkjenning av innkalling og saksliste.
Vedtak: Godkjent

Sak 61/23 Godkjenning av referat styremøte 29. november.
Vedtak: Godkjent

Sak 62/23 Orienteringssaker:
 Status kurset «Ferske og komande sauebønder» januar 2024
40 påmeldt så langt. Sender ut til lokallaga og ber dei minne medlemmene om at det
ennå er ledige plassar. På spørsmål om kven som kan delta på kurset: Kurset er ope for alle. Det krevst ikkje medlemskap i NSG for å bli med. Styret vil og invitera medlemsbladet Sau og Geit


 Orientering frå Gjetarhundnemnda
Gjetarhundnemnda fungerer godt og stor aktivitet i heile Hordaland
Audun gjekk gjennom aktiviteten så langt i 2023 og snakka om arbeidet som ligg føre
i 2024. For info sjå: Hordaland Gjetarhundnemnd - Norsk Sau og Geit (nsg.no)


 Orientering frå Avlsutvalet
Tore Atle orienterte om arbeidet i avlsutvalet. Kåringa 2023 gjekk godt, samarbeid
mellom ansvarlege for sjåa og dommarane fungerte og godt.
Har fått litt tilbakemeldingar på dagsatsar og køyregodtgjersla til dommarane. Fleire
tek til orde for at dagens godtgjersle ikkje dekar utgiftene. Tore Atle vil sjå på dette
og ta det med tilbake til styret. Andre utfordringar er diverse arrangement same helgane som det er kåring. Ofte er det same personane som er involvert. I 2024 er NM i saueklipping og ullhandtering lagt til Etne. Her må ein sjå på gode løysningar for kåring og NM.

Sak 63/23 Gjennomføring av kurs «Ferske og komande sauebønder»
Gjennomgang av program, det meste er på plass.
Vedtak: Program gjerest klart og sendes ut til deltakarar og føredragshaldarane.
Frå styret møter Reidar, Kjetil og Ola.

Sak 64/23 Arbeid med årsmeldinga for 2023, frist for innlevering av innhald til årsmeldinga og fagleg tema i årsmøte.
Sender ut til alle som annonserte i årsmeldinga for 2022 med spørsmål om og bli med for årsmeldinga 2023. Snakka me diverse personar som har ansvar for innlegg til årsmeldinga.
Vedtak: Svanhild sender ut til bedrifter med spørsmål om annonse, Reidar snakka med
diverse personar som har ansvar for info til årsmeldinga.
Pris for annonse er: Heil side kr. 2000.- og ½ side kr. 1000.-
Har du bilete som kan vara med send dette inn.
Det er sendt invitasjon til styremedlem i NSG Ketil Trongmo med spørsmål om han kan bli med.
Frist for innsending til årsmeldinga er 10. januar.
Alt sendes til: kato.hilleren@outlook.com

Sak 65/23 Fagmøte på Teams i framtida
Fagmøte på teams med tema Dyrevelferdsforskrifta var vellykka. 125 personar var med.
Dette er noko som HSG skal arbeide vider med.
Vedtak: HSG vil få til fast møte på Teams i gong i månaden. Det skal inn i aktivitetsplanen for 2024.

Sak 66/23 Økonomisk støtte til klippe- kurs i lokallaga
HSG har i sitt budsjett satt av midlar til klippe- kurs. Det er komet inn søknader frå lokallag om støtte. Det er og lokallag som ikkje søker støtte. Ut frå dette blir det ulikt fordeling avhengig av korleis lokallaga organisera og kostnad. Ut frå dette gjer HSG dette vedtaket:
Vedtak: Det blir gitt kr. 500,- i støtte pr. kursdeltakar frå fylke som er nybegynnar (A). Det blir gitt 300,- pr. kurs/deltakar frå fylke på vidaregåande (B og C). Det blir sett ein maks sum på kr. 7000 ,- pr. kurs. Ved stor deltakelse på enkelt kurs vil summen pr. deltaker gå ned og maks summen slå inn. Då blir det opp til arrangøren og fordele summen på deltakarane.
Søknad om støtte til klippe- kurs skal føreligge styret før kursoppstart.

Sak 67/23 Digitalisering av HSG, bruk av diverse elektroniske verktøy
For at HSG skal kunne arrangera Teamskurs må ein ha tilgang til Teams bruk. Til slike møte krevst det større «plattform» enn det ein har privat. HSG har og PC som treng oppdatering av diverse programmer. Dette krev at ein har tilgang til kredittkort.
Vedtak: HSG installera Teams app på sin PC slik at den kan brukast til støtte møter. HSG tar og i bruk kredittkort som økonomiansvarleg har ansvar for og gjer tilgjengeleg til bruk for diverse tenester.

Ymse: Utbetaling av medlemskontingent til lokallaga frå NSG vil bli utført før Jul.
Saker til årsmøte i HSG må vara sendt til styret innan 1. februar.
Sendes til: PostmottakHSG@outlook.com
Viktig melding:
Frå 1. januar 2024 har HSG denne e post adr.: PostmottakHSG@outlook.com