Hordaland Sau og Geit                               

 

 

 

Referat styremøte HSG måndag, 21. august.

Stad: Bjørnafjorden Hotell & Konferanse.


Desse var med: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Kato Hilleren, Ola Steinsland. Audun Seilen frå Gjetarhundutvalet og Tore Atle Sørheim frå Avlsutvalet møtte. Svanhild Aksnes og 1. vara Lars Johan Tveit meldte forfall.                                                                    

 

 

 

Sak 29/23 Godkjenning av innkalling og saksliste.

Vedtak: Godkjent

 

Sak 30/23 Godkjenning av referat styremøte 24. feb. og 27. feb.

Vedtak: Godkjent

 

Sak 31/23 Lokallagsarbeid.. møteserie i regionane .. har det vert mange..

HSG har gått ut med økonomisk støtte til fagmøte i regionane med inntil kr. 10.000.- pr møte/region. Støtta er for heile året 2023.

Vedtak: Så langt er det region region 7 som har gjennomført møte og søkt om støtte

 

Sak 32/23 Arbeidet i Avlsutvalet

Tore Atle orienterte om arbeidet som på går i forbindelse med kåring 2023. Det er tatt kontakt med lokallaga men  er det ikkje alle som melder tilbake for ønsker dato for kåring.

Heller er det ikkje alle som er dommarar som melder tilbake om dei ønsker å bli med vidare eller ikkje.

Dette medfører ein del ekstra arbeid og forsinka  planlegginga.

Vedtak: Avlsutvalet skal ha møte med dommarane 28. August. Deretter oppsett og fordeling av dommarar.

Det vil og bli kalla inn til eit Teams- møte med lokallaga og dommaransvarleg i lokallag. Tema blir blant anna gjennomgang av regelverk og rutinar for ei vellykka kåring.

 

 

 

Sak 33/23 Arbeidet i Gjetarhundnemnda

Audun orienterte om arbeide som har vert og arbeid som på går. Det er stor aktivitet innan gjetarhundmiljø.

Gjetarhundnemnda fungerer godt, heile Hordaland er med og alle bidra svært bra.

Eller var Audun innom arbeidet i Hordaland, nasjonalt og internasjonalt der Hordaland og Norge er godt med.

Vedtaka: Gjetarhundnemnda legger ut info fortløpande på heimesida der alle kan følgje med.

 

 

Sak 34/23 Julebord 2023?

Denne saka blei etterlyst i Årsmøte om HSG skulle arbeide videre med å få til Julebord med fagmøte i 2023.

Denne samlinga blei avlyst i 2022 grunna låg påmelding.

Det var ein runde i Styret der det kom frå at John Karsten Raunholm har ver i kontakt med hotell og vil prøve og få til dette Julebord i 2023. Berre Ola i Styret hadde fått ein mail frå John Karsten med ei kort orientering på kva han hadde utført så langt.

Vedtak: Kjetil som har hatt og har ansvar for Julebord tar kontakt med John Karsten for dialog og arbeidet vidare.

Sak 35/23 Frå NSG:

  • Sentral apotekavtale som en medlemsfordel

Denne saka tok HSG opp under leiarmøte i NSG. NSG lova den gong og arbeide vidare med saka. NSG har sendt ut spørsmål til Fylkeslaga om saka.

Vedtak: HSG synest dette er ei positiv sak og har svart på spørsmåla frå NSG.

 

  • Registrere om det er tilgang til småfekjøtt eller ikkje i norske butikkar.

Markedsrådet i Norsk Sau og Geit har fått utarbeida eit skjema som alle kan bruka for å registrera om det er tilgang til småfekjøtt eller ikkje i norske butikkar.

Dette er Google basert og laget av rådsmedlem Ole Øvrejorde.

Vedtak: HSG sender dette ut til lokallaga og ber dei ta dette i bruk.

 

  • Kjøtt i skole.

NSG har utarbeida ei arrangør handbok på korleis ein kan gå fram i forhold til å komma inn i skulen med kjøtt. Styret diskuterte saka og er opptatt av at ein prøver å komma i nokre skular. Ola fortalde litt om arbeidet som Bømlo Sau og Geit har utført lokalt.

Vedtak: Prøver å få tilgang i nokre skular, Ola Steinsland er kontaktperson for dei lokallaga om ønskjer meir info om saka. I tillegg sender HSG ut den info som er komet frå HSG.

Sak 36/23 Dyrehold- forskrifta uttale sendes til NSG

Det føreligg forslag til uttale frå NSG der dei ber fylkeslaga om innspel til saka.                                        

Vedtak: HSG sluttar seg til NSG sitt utarbeida innspel  med HSG sin tilleggskommentar. Alle buskapar uansett størrelse må vara med i ordninga.

 

 

 

Sak 37/23 Fagsamling/leiarmøte 2023

Fagsamling/leiarmøte 2023 er under planlegging

Vedtak:

  • Dato 27. & 28 okt. 2023
  • Stad: Scandic Flesland Airport
  • Program: Fredag 27. okt. organisasjon saker. Laurdag 28. okt. Fagmøte med tema «Dyrehelse» Her blir blant anna Animalia og Mattilsynet invitert.

Program sendes ut så snart det er klart.

 

Sak 38/23 Samling unge/nye sauehaldarar .. Stad og når…

Ei er kom godt i gang med planlegging for tilbod om kurs for unge/nye sauehaldarar.

Vedtak: Planlegg samlinga ein laurdag & søndag i midten av januar 2024.

Stad: HSG innhentar tilbod frå hotell (ventar på tilbod)

Har søkt Vestland Fylkeskommune om støtte til kompetanseheving kurs for nye og unge sauehaldarar på kr. 70.000.- (Er innvilga)

Er i gang med å lage til program. Må utlysast så snart ein har hotell klart.  

 

Sak 39/23 Anmodning om at fylkene oppretter kontakt med baneansvarlige hos  

                   Bane NOR i sine områder vedr. samarbeid for å forhindre påkjørsler av husdyr

Sak frå Utmarksrådet i NSG der dei ber om at ein opprettar kontaktperson fylkesvis i forhold til påkøyrsel av beitedyr.

Vedtak: HSG har oppnemnd Lars Johan Tveit frå Ulvik

Sak 40/23 Medlemstal/medlemsverving

Gjennomgang av medlemslista viser at det er per dato 43 medlemmer som ikkje har betalt kontingent for 2023.

Vedtak: Styremedlemmene tar kontakt med dei lokallaga som har medlemmer som ikkje har betalt kontingenten for 2023.

Betalt kontingent må vara på plass både for å kunna stilla med lam til kåring og delta i gjetarhundarbeidet.

 

Sak 41/23 Søknad støtte til møte i region 7

Vedtak: Søknad om støtte til møte i region 7 på kr. 6296,78 godkjent.

Ymse: Ingen