Referat styremøte 27. februar
Hordaland Sau og Geit
Referat styremøte HSG fredag 27. februar.
Stad XL Bygg Voss.
Med på møte var: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Svanhild Aksnes, Kato Hilleren, Ola Steinsland og 1. vara Lars Johan Tveit.
Sak 23/23 Oppsummering etter årsmøte HSG.
Reidar begynte med å ønska Ola Steinsland velkommen som styremedlem og Lars Johan Tveit velkommen som 1. vara til styret.
Gjennomgang av årsmøte: Godt gjennomført møte.. Gode diskusjonar....
Vedtak: Er mest skuffa over NSG som ikkje kom til møte!
Sak 24/23 Plan for gjennomføring av saker som kom opp i årsmøte (Støtte til Vestland Bjøllelag SA og gjennomgang av arbeid med regionsamansettinga)
Denne saka kom inn til styret to dagar før Årsmøte. Styret hadde ikkje nok tid til å setja seg godt nok inn i saka før Årsmøte. Saka vert og lagt fram i Årsmøte slik at Styret fekk tilbakemelding frå lokallaga i denne saka.
Vedtak: Styret arbeider med denne saka fram mot neste Årsmøte der styret legger søknaden fram for Årsmøte som eiga sak.
Sak 25/23 Fordeling av arbeidsoppgåver i styret.
Arbeidet i fylkesstyret blir fordelt med ansvarsområde til den enkelte.
Vedtak:
- Statsforvaltren/beitebruk/rovdyr: Reidar
- Andre organisasjonar: Reidar
- Økonomi: Kjetil
- Heimesida/ årsmeldinga: Svanhild
- Avl: Kato
- Gjetarhund: Lars Johan
Sak 26/23 Årsmøte NSG.
Årsmøte i NSG er snart.
Vedtak: Den enkelte bestiller sjølv billettar til sin reise.
Sak 27/23 Videre planlegging med fagmøte i regionane.
Gjennomgang av vedtak i sist styremøte angåande møteserie i regionane.
Vedtak: Sender brev til lokallaga og ber dei sjå på moglegheitene til å laga til møter.
Det er sett av pengar til 6 til 7 møter med ein makssum på inntil kr. 10.000.- pr. møte og gjelder for 2023.
Sak 28/23 Fagsamling januar 2024.
Svanhild har laga forslag til økonomisk støtte til samlinga som Styret gjekk gjennom.
Vedtak: Styret sender søknad på økonomisk støtte til: Rekruttering og kompetanseheving i landbruket på beløp på kr. 70.000.-.
Ymse:
Det kom opp at ein burde sjå på regionsamansettinga i Hordaland. Til dette arbeidet blei Ola Steinsland og Karluf. Styret ber om at dette arbeidet blir gjennomført til neste møte.