Referat styremøte HSG torsdag 9. november.
Stad: Teams
Desse var med: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Svanhild Aksnes, Ola Steinsland, Kato
Hilleren og Lars Johan Tveit

Sak 41/23 Godkjenning av innkalling og saksliste.
Vedtak: Godkjent


Sak 42/23 Godkjenning av referat styremøte 21. august.
Vedtak: Godkjent


Sak 43/23 Orienteringssaker:
 Oppsummering leiar/fagmøte
 Arbeidet med «stillesittande» lokallag
Leiar/fagmøte gjekk etter planen. Gode innlegg .. Alle innlegg som HSG har fått
presentasjonen av blir lagt ut saman med referatet på HSG sin heimeside. HSG vil lage til
evalueringsskjema for slike møte i framtida.
Under middagen blei årets «Gromsau» presentert. Eilev Veseth takka for prisen.
Stillesittande lokallag: Er nokre lokallag som er lite og til dels ikkje aktivitetar hos. Styre
arbeider med desse for og finne gode løysningar for lokallaga og medlemmene.
Det er og lokallag som ikkje har fått sendt inn årsrapport, desse laga vil og bli kontakta av ein frå styret.


Sak 44/23 Søknad frå Kvinnherad Sau og Geit
Kvinnherad Sau og Geit har gjennomført klippekurs der dei har eit underskot på kr. 9616.-
Og søker HSG om støtte til dekking av underskot.
Vedtak: HSG støttar Kvinnherad Sau og Geit med kr. 9616.- til dekking av underskot til
klippekurset


Sak 45/23 Utnemning av personar til nemndene i HSG for arbeidsåret 2023
Arbeidet med utnemning av avlsutval og gjetarhundnemnd for 2024 er i gang.
Vedtak: Alle som står for ny utnemning er spurt om dei ønskjer ny periode eller ikkje. Alle
har svart og ut frå svara er dette sendt ut til lokallaga og veraringane. Styret ber om innspel
sendes til karluf.hakull@outlook.com innan 5. desember 2023.

Sak 46/23 Jordbruksforhandlingane 2024
Er komet eit spørjeskjema frå NSG der dei ber om at ein kryss av for det som ditt fylket
meiner må prioriterast høgast i de kommande jordbruksforhandlingane.
Vedtak: Seder ut til alle lokallaga og ber om svar som sendes til karluf.hakull@outlook.com
innan 25. nov.


Sak 47/23 Årsmøte for HSG 2024, stad og tid.
Tid for planlegging av årsmelding, tid og stad for årsmøte 2023
Vedtak: Gjennomgang og fordeling av arbeidet med årsmelding. HSG vil legge årsmøte til Øystese eller Norheimsund. Karluf tar kontakt med aktuelle hotell
Tid: 1. – 2. mars 2024


Sak 48/23 Fagmøte på Teams med tema «Dyrevelferd»
Dyrevelferdsforskrifta for småfe tre i kraft for dei fyrste ganske snart. Det er ein del og sette
seg inn i så derfor ønsker HSG og lage til møte på Teams de dette er tema.
Vedtak: HSG tar kontakt med Animalia og spør om dei kan halde innlegg i møte. Arbeider med å få dette møte til i desember månad.


Sak 49/23 Program for samlinga unge/nye sauehaldarar
Kurs nye/unge bønder skal vara 13. – 14. januar 2024 på Scandic Voss.
Styret er godt i gang med programmet.
Vedtak: Får programmet klart og deretter dele det på diverse Facebook sider i tillegg til HSG sin heimeside. I skrivande stund er programmet klar og delt på diverse sider. sjå:
https://www.nsg.no/hordaland/nyheter/
Del dette med medlemmene i lokallaga. Påmeldingsfrist er 20. desember til Kjetil Rødland kroedlan@online.no

Ymse:
 Innspel frå Bømlo Sau og Geit: Kostnad for lokallag med kjøp av råvarer til «Kjøtt i
skulen.
Dette blir sett opp som eigen sak i neste styremøte.
 Utarbeiding av og vilkår for dekking av underskot ved klippekurs i lokallaga.
Dette blir og eigen sak i neste styremøte.

Karluf Håkull
Sek.