Referat styremøte HSG torsdag 11. april. 

Stad Teams. 

Desse var med: Reidar Kallestad, Ola Steinsland, Svanhild Aksnes, Kato Hilleren, Kristina Jordalen og 1. vara Mons Kjetil Vevle. Tore Atle Sørheim frå Avlsutvalet og Audun Seilen frå Gjetarhundnemnda.


Sak 25/24 Godkjenning av innkalling og saksliste

Vedtak: Godkjent

 

Sak 26/24 Godkjenning av referat styremøte 11. mars.

Vedtak: Godkjent

 

Sak 27/24 Konstutering av styret. 

Fordeling av arbeidsoppgåver i Styret vart ikkje utført i sist styremøte. Styret såg på kor ein bør ga størst fokus. Det er nå tett og godt samarbeid mellom styret og Avlsutvalet og det same gjelder samarbeid med Gjetarhundnemnda. Ut frå dette ser ikkje styret behov for å ha observatørar med i desse to utvala men heller bruka resursane på anna arbeid.

Vedtak: 

  • Statsforvaltren/beitebruk/rovdyr: Reidar Kallestad

  • Andre organisasjonar: Reidar Kallestad  

  • Økonomi: Ola Steinsland

  • Nettsider/ annonser og årsmelding: Svanhild Aksnes

  • Medlemsverving: Kristina Jordalen og Kato Hilleren

 

Sak 28/24 Oppsummering etter Årsmøte NSG.

Kort gjennomgang etter Årsmøte i NSG der HSH møtte med 5 utsendingar. Tankar og meiningar frå årsmøte var:

Vedtak: 

  • Sjølve Årsmøte var bra!

  • Saka om ny seminstasjon verkar og vara altfor lite forberedt

  • Presentasjon av ny dagleg leiar i NSG. Borghild Hillestad er tilsett som dagleg leiar i NSG. Ho presenterte seg på eig god måte der ein har store forventningar i framtida. Dette lover godt!

  • Småbrukarlaget heldt eit godt innlegg…

  • Trist å sjå at så mange forlèt Årsmøte før det var slutt.

  • Eller var det mykje bra!


 

Sak 29/24 Evaluering etter teams møte 21. mars. Kva gjer me vidare? 

Her var det berre 34 personar som var med. Dette er altfor lite i forhold til tema,

Lengdemåling i forbindelse med klassifisering er heil nytt og blir innført på alle slakteri frå 1. Juli 2024.

Morten Røe, fagsjef i Anemalia heldt et godt innlegg. Dette innlegget kan du i heilheit lesa på HSG sin heimeside: Innføring av lengdemåling - presentasjon frå Teamsmøte - Norsk Sau og Geit (nsg.no)

Det blei og stilt spørsmål om kunngjeringa ikkje hadde nådd fram til medlemmene.

Invitasjonen var sendt ut til lokallaga med ei påminning og i tillegg blei lokallag bedt om og vidaresende dette til medlemmene.

Er nok diverre nokre lokallag som ikkje sender infoen videre til sine medlemmer.

Spørsmål ein då stiller seg er: Korleis ønsker lokallaga å kommunisera med Styret? 

Ut frå evalueringa gjorde Styret dette vedtaket.

Vedtak: Styret har spurt ny dagleg leiar i NSG Borghild Hillestad om ho vil bli med på Teams møte med medlemmene i HSG.

Dato er ikkje sett men blir nå like etter lamminga.

 

Sak 30/24 Arbeidet i Gjetarhundnemnda 2024 v/Audun. (Sjå Vedlegg)

Audun Seilne leiar i Gjetarhundnemnda var med og orienterte om arbeidet i nemnda.

Det er stor aktivitet rund om i heile Hordaland.

Hordaland har også fått tildelt NM i Gjetarhund 2026. Dette arrangementet blir lagt til Etne.

Vedtak: Sjå på HSG sin heimeside for alle aktivitetar innan arbeidet for gjetarhund: Aktivitetsskjema 2024 - Norsk Sau og Geit (nsg.no)

 

Sak 31/24 Høyringsrunde om gjetarhundarbeidet i NSG.

Det føreligger høyringsrunde angåande «Gjeterhundarbeidet i Norsk Sau og Geit – Høringsrunde 1»:

Dette blei diskutert om innsending av svar på høyringa.

Vedtak: Reidar skal snakke med dagleg leiar i NSG der HSG har spørsmål. Ventar på svar frå NSG før HSG sender inn sitt svar. 

 

Sak 32/24 Avlsarbeidet for sau 2024. Aktivitetar i tillegg til kåring v/Tore Atle.

Tore Atle Sørheim leiar i Avlsutvalet var med og orienterte. Han var innom at per dato er det mange lokallag som har komet med ønske på dato for kåring 2024. 

Vedtak: 

  • Arbeider med å få til eit møte på Teams med tema «Bruk av kåra vær i besetningane.

  • Større dommarsamling i lag med Rogaland. Dato ikkje sett

  • Godtgjersla til dommarane har ver diskuter.

Styret ber avlsutvalet må komma med forslag til godtgjersle til dommarane innan 1. juni 2024.


 

Sak 33/24 Trinn 2, vidareføring av kurs «Kurs for ferske og komande sauebønder»  

Det er komet ønsk frå deltakarane som var med på kurset i Januar om ein kan vidareføre dette.

Styret er positiv til spørsmålet.

Vedtak: HSG tar denne saka opp på møte seinare for og sjå på moglegheita for å få dette til i 2025.

 

Ymse: Ingen.

 

Karluf Håkull

Ref.