Referat styremøte HSG måndag 19. februar.

Stad: Bjørnafjorden Hotell & Konferanse

Desse var med: Reidar Kallestad, Ola Steinsland og Kato Hilleren. Kjetil Rødland og Svanhild Aksnes var med på Teams. 1. vara Lars Johan Tveit meldte forfall.

Sak 11/24 Godkjenning av innkalling og saksliste.

Vedtak: Godkjent

Sak 12/24 Innspel til Jordbruksavtalen 2024

Medlemmene i styret hadde forberedt seg godt til møte. God diskusjonar om kva som er viktig for småfeholdet i Vestland (Hordaland). Frist for innsending til NSG er 22. februar.

Vedtak: Sjå vedlegg.

Sak 13/24 Søknad om økonomisk støtte frå Vestland Radiobjøllelag SA

Det kom søknad frå Vestland radiobjøllelag SA 20. feb. 2023. Saka var oppe i årsmøte 2023 der styre bad årsmøte om og få tid til å utreda saka. Etter god diskusjon i styret blei dette vedtaket gjort.

Vedtak: HSG innvilgar kr. 100.000.- som søkt om med følgande villkår:

Det stilles krav om at erfaringar som Vestland Bjøllelag SA gjer seg undervegs i arbeidet blir gjort tilgjengeleg for medlemmene i Hordaland Sau og Geit. (som til dømes i årsmeldinga til HSG)

Det stilles krav om at midlane brukets innanfor formålet med drifta i Vestland Bjøllelag SA og ikkje nyttast til vinning hjå enkelpersonar. 

Sak 14/24 Budsjett 2024

Budsjett for 2024 blei gjennomgått og satt opp.
Vedtak: Forslag til budsjettet for 2024 blir sendt ut til lokallag. Budsjettet skal godkjennast av årsmøte.

Sak 15/24 Arbeidsplan 2024

Arbeidsplan for 2024 blei satt opp. Legger opp til fleire møter med medlemmene på Teams med diverse info og faginformasjon.
Vedtak: Forslag til arbeidsplan sendes ut til lokallaga. Arbeidsplanen for 2024 skal godkjennast i årsmøte.

Sak 16/24 Søknad frå Bergen og Os Sau og Geit ber om støtte til kjøt i skulen

Bergen og Os Sau og Geit har hatt ny aktivitet med tema "Kjøt i Skulen". Lokallaget søker HSG om støtte til innkjøp av kjøt på kr 1.191,50.
Vedtak: HSG støttar søknaden.

Sak 17/24 Søknad frå Etne Sau og Geit
Søknad frå Etne Sau og Geit der dei søker Hordaland Sau og Geit om ein underskotsgaranti for arrangementet, evt. tilskot til NM i saueklypping og ull- handtering 2024.                   
Vedtak: Hordaland Sau og Geit gir ein underskotsgaranti til NM i saueklypping og ull- handtering på inntil kr. 50.000.-.

Ref.
KH